Beta-tjeneste
Kl. 05:27 ~ 25. jun 2019 ~ UKE 26
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

ULSTEIN X-STERN™ – For tøffe forhold

Av | 26 august, 2014 4:27 | 0 kommentarer

Ulstein Group introduserer X-STERN™, ei ny utforming av skipa sin akterende. Løysinga aukar operabiliteten gjennom positiv innverknad på dynamisk posisjonering, bølgjerespons, komfort og sikkerheit under tøffe forhold.

Eit fartøy med X-STERN™ kan halde posisjonen med akterenden mot bølgjer, vind og straum sjølv under tøffe vêrforhold. For fartøy der best moglege rørsleeigenskapar er avgjerande, vil moglegheita til å plassere X-STERN™ i staden for baugen mot vêret vere kapteinen sitt naturlege val.

X-STERN™ fører til redusert stamping og bølgjedriftskrefter, og eliminerer slag frå sjøen. Andre positive verknader er redusert kraft- og drivstofforbruk medan skipet ligg på posisjon, eller moglegheita for å operere i ein breiare sektor med same kraftforbruk.

X-STERN™ har fleire av dei same eigenskapane som X-BOW®, og har i tillegg isbrytande eigenskapar. Utforminga reduserer akselerasjon, hiv og stamping, gir betre komfort og sikkerheit, og aukar det operasjonelle vindauget. Som følgje av hekkforma og det innelukka akterdekket vert det ikkje kasta sjø inn på dekk, og ein reduserer isdanning i kaldt klima.
Patentsøknad under behandling

– Ein innovasjonsprosess er ein lang prosess, der vi arbeider strategisk med å kome fram til sikrare, smartare og grønare løysingar, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef og sjef for marknad og innovasjon i Ulstein.

– Vi diskuterer operasjonelle utfordringar med kundane våre, og arbeider for å overføre desse utfordringane til tekniske løysingar som kan verte salbare produkt. Vi har søkt om patent på
X-STERN™ i fleire land, inkludert USA og EU.

X-STERN™ – Ei oppfølging av X-BOW®-designet
I 2005 lanserte Ulstein Group X-BOW® til marknaden, eit designelement som aukar komforten om bord og gir moglegheita anten til å halde oppe farta i dårleg vêr eller redusert drivstofforbruk. I dag er nærare 100 X-BOW®-fartøy bygde eller har vorte leverte over heile verda. X-STERN™ tek eit nytt steg i å auke fartøyet sin operabilitet endå meir.

Eit offshorefartøy med X-STERN™ har forbetra sjøeigenskapar under tøffe forhold.

Eit offshorefartøy med X-STERN™ har forbetra sjøeigenskapar under tøffe forhold.

Eksempel: Eit subseafartøy med konvensjonell hekk.

Eksempel: Eit subseafartøy med konvensjonell hekk.

Eksempel: Eit subseafartøy med X-STERN™

Eksempel: Eit subseafartøy med X-STERN™

Konvensjonell hekk sett frå sida: Med hekken mot vêret vert sjøen kasta tilbake og treff arbeidsdekket

Konvensjonell hekk sett frå sida: Med hekken mot vêret vert sjøen kasta tilbake og treff arbeidsdekket

X-STERN™ sett frå sida: Det kjem ikkje sjø inn på arbeidsdekket

X-STERN™ sett frå sida: Det kjem ikkje sjø inn på arbeidsdekket

X-STERN™ gir auka operabilitet i tøffe forhold, og resulterer i ei forbetra ‘X-BOW®’-effekt på sjøeigenskapane

X-STERN™ gir auka operabilitet i tøffe forhold, og resulterer i ei forbetra ‘X-BOW®’-effekt på sjøeigenskapane

Ein konvensjonell hekk har avgrensa operabilitet med hekken mot hardt vêr

Ein konvensjonell hekk har avgrensa operabilitet med hekken mot hardt vêr

X-STERN™ sett frå sida: Det kjem ikkje sjø inn på arbeidsdekket

X-STERN™ sett frå sida: Det kjem ikkje sjø inn på arbeidsdekket

Konvensjonell hekk sett frå sida: Med hekken mot vêret vert sjøen kasta tilbake og treff arbeidsdekket

Konvensjonell hekk sett frå sida: Med hekken mot vêret vert sjøen kasta tilbake og treff arbeidsdekket

Sett frå sida: Samanlikning av konvensjonell hekk (grå) og X-STERN™ (grøn)

Sett frå sida: Samanlikning av konvensjonell hekk (grå) og X-STERN™ (grøn)

Sett ovanfrå: Samanlikning av konvensjonell hekk (grå) og X-STERN™ (grøn)

Sett ovanfrå: Samanlikning av konvensjonell hekk (grå) og X-STERN™ (grøn)

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside © 2018, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.