Beta-tjeneste
Kl. 18:13 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

ULSTEIN inngår avtale om sal av alle seks Blue Ship-fartøya

Av | 3 november, 2013 9:54 | 0 kommentarer
ULSTEIN inngår avtale om sal av alle seks Blue Ship-fartøya til Nordic American Offshore.

Det nyetablerte offshorereiarlaget Nordic American Offshore (NAO) har avtalt å kjøpe Blue Ship Invest (BSI) sine seks plattform forsyningsfartøy. Fartøya er av typen PX121 og designa og bygde av ULSTEIN i 2012-13. NAO har sitt utspring frå det internasjonale tankselskapet Nordic American Tankers (NAT).

– Vi er svært nøgde med denne avtalen med NAO, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.
– Vi satsa på desse skipa fordi vi ønskte å introdusere nye produkt med fleksible og gode innovative løysingar i marknaden. Alle skipa har vore i jamleg arbeid sidan levering og tilbakemeldingane har vore svært gode. Vi har stor tru på at NAO skal bli fornøgde med desse fartøya.

Styreleiar og konsernsjef i NAT er Herbjørn Hansson, som har vore i den maritime industrien sidan 1970-talet: – Vi har betydeleg erfaring innan offshoresektoren. Vi trur på auka etterspurnad etter plattform forsyningstenester framover og desse fartøya har akkurat dei eigenskapane som vi meiner vi treng i vår flåte, seier Hansson.

Då ULSTEIN bestemte seg for å satse på nettopp desse skipstypane, var det eit resultat av grundige marknadsanalysar. I Nordsjøen vert desse plattform forsyningsfartøya (PSV) rekna som mellomstore, og dei har ein optimal kombinasjon av drivstoffeffektivitet og dødvekt. Dei har kapasitet og yting som ligg nær segmentet for større PSV-ar. Dei kan ta på seg dei aller fleste oppdraga som litt større PSV-ar utfører, men til ein lågare driftspris.

Blue Fighter_MG_3855_photo Ingrid Verschuren_red

Det første av Blue Ship-fartøya, ‘Blue Fighter’, ved arbeid på rigg. Foto tatt av Ingrid Verschuren om bord på ‘New Venture’.

BSI er eit investeringsselskap i ULSTEIN, og administrerande direktør Lars Lühr Olsen i BSI fortel at han er godt fornøgd med samarbeidet med selskapa som har ansvar for leiing og drift av skipa. – Mannskapa har bidrege til å levere svært gode tenester til dei befraktarane som fartøya har hatt oppdrag for, seier han.

Med X-BOW®-skroglinjeform er skipa effektive ved ulike djupgangar, noko som er viktig for PSV-fartøy som går med varierande mengder last. I tillegg har X-BOW unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøya spesielt godt eigna til dei barske forholda i Nordsjøen og nord-Atlanteren.

Dei første skipa av PX121-designen er BSI-skipa som vart bygde ved ULSTEIN. Etter kvart har fleire reiarlag sett gevinsten som ligg i desse skipstypane, og per i dag er det inngått ordrar på seks fartøy med PX121-design for bygging ved ulike verft internasjonalt.

Transaksjonen med NAO tek atterhald om at finansiering går som planlagt

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.