Beta-tjeneste
Kl. 01:30 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

To nye skipsdesign frå ULSTEIN til Vroon

Av | 1 november, 2013 12:00 | 0 kommentarer
PX121

ULSTEIN har inngått kontrakt med COSCO (Guang Dong) Shipyard Co. Ltd. i Kina om levering av skipsdesign, utstyrspakkar og oppfølging i byggeprosessen på to plattform forsyningsfartøy av designtypen PX121. Det er det nederlandske reiarlaget Vroon Offshore Services som har tinga desse skipa.

– Desse to fartøya vil bidra til at Vroon på best mogleg vis kan oppfylle krava som forretningspartnarane våre stiller til service. Alle i Vroon er glade for å ønskje desse nye skipa velkomne til flåten vår i 2015, kommenterer Jan-Piet Baars, administrerande direktør i Vroon Offshore Services.

– ULSTEIN PX121 vert stadig meir etterspurte av oljeselskapa som følgje av ein konkurransedyktig kombinasjon av drivstoffeffektivitet og lastekapasitet/dødvekt, forklarar administrerande direktør Sigurd Viseth i Ulstein Design & Solutions. Skipa har kapasitet og yting som ein vanlegvis kan forvente frå større PSV-ar, men til ein middels kostnad – noko som kjem svært gunstig ut for eigaren og operatøren av skipa. Vi er glade for at Vroon ser verdien av dette. Vi har stor tru på at det vil verte fleire nybygg av same designtypen i åra som kjem, understrekar han.

Tidlegare i 2013 gjekk Vroon inn på ein kontrakt som omfatta design og utstyr til to skip av same type, og med opsjon på ytterlegare to. Det er denne opsjonen som no vert erklært.

Alle dei fire skipa til Vroon er planlagt leverte i 2015 og er tiltenkte å arbeide i europeiske farvatn. Dei er 83,4 meter lange og 18 meter breie. Lastedekket er 830 kvadratmeter stort og skipa kan frakte 4200 tonn (dwt). PX121-skipa har ei maksimumsfart på om lag 15 knop og plass til 23 personar i komfortable omgivnader om bord.

Som følgje av fleksible tankkapasitetar, vil fartøya kunne støtte boreaktivitetar med lengre og djupare borehol samt aktivitet lengre frå land. Skipa har i tillegg til tankar for olje, vatn og borevæske, to rustfrie tankar for frakt av brannfarlege væsker (LFL) eller korroderande kjemikaliar. Skipa er klassifiserte av ABS, utstyrte med dynamisk posisjoneringssystem klasse 2 og oppfyller krava til ‘Clean Design’.

Den patenterte X-BOW®-skrogforma gjer skipa effektive ved varierande djupgang, noko som er viktig for PSV-ar som ofte opererer med ulike mengder last. X-BOW tilfører òg unike kvalitetar når det gjeld rørsler og framdriftseffektivitet både i godt og dårleg ver. Baugforma fjernar slag og brå bevegelsar frå sjøen, dette betrar skipet si yting samstundes som støy og vibrasjonar vert reduserte. Noko som igjen gir auka komfort og sikkerheit.

PX121 Vroon GraySea SB Aft

PX121

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.