Beta-tjeneste
Kl. 03:44 ~ 18. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Seven Viking er ‘årets skip’

Av | 4 juni, 2013 2:35 | 0 kommentarer
Konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, og administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions, Sigurd Viseth, (nr. 4 og 5 frå v.) tok imot ‘Ship of the Year 2013’-prisen for IMR-fartøyet ‘Seven Viking’ under Nor-Shipping. Foto: Ulstein Group

Nestegenerasjons inspeksjons- vedlikehalds- og reparasjonsfartøyet (IMR) ‘Seven Viking’, designa og bygd av ULSTEIN, vart kåra til ‘Ship of the Year 2013’ av det maritime magasinet Skipsrevyen på Nor-Shipping 4. juni 2013.

– Denne prisen er ei anerkjenning av Eidesvik, Subsea 7 og ULSTEIN sin felles innsats, og ein stor inspirasjon til vårt langsiktige innovasjonsarbeid, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein.

Prototypfartøyet, som er utvikla for operasjonar i krevjande miljø, vart levert frå Ulstein Verft i januar til eigarane Eidesvik og Subsea 7, og har vore i arbeid for Statoil i Nordsjøen sidan februar.

Skreddarsaum
– ‘Seven Viking’ er skreddarsydd for IMR-operasjonar og har makelaus teknisk og operasjonell kapasitet innan sitt område. Det fungerer svært tilfredsstillande, og klienten vår er kjempefornøgd med skipet og utstyret som er installert om bord, kommenterer Vidar Øvstedal, offshoresjef i Subsea 7.

Skipet, eit ICE-C-klassa fartøy med ein mannskapskapasitet på 90 og ein toppfart på 17 knop, har ein femårs-kontrakt med Statoil. Skipet er utvikla etter operatøren sine klare spesifikasjonar for utføring av oppgåver som inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av undersjøiske oljeinstallasjonar, avskalingsbehandling og RFO-operasjonar.

‘Seven Viking’ har den unike X-BOW® skroglinjedesignen, som gir mindre og mjukare rørsler i transitt og auka stabilitet i dei fem meter høge bølgjene som er typiske for Nordsjøen. Trass i den svært gode stabiliteten, vanlegvis sett i samanheng med storleik, er denne utgåva av ULSTEIN sin SX148-design kompakt, med ei lengde på berre 106,5 meter og ei breidde på 24,5 meter. Dimensjonane gjer at det lett kan manøvrere i tronge rom, slik som mellom plattformer, og kome til i vanskeleg tilgjengelege område.

Over all forventning
– Eg er verkeleg imponert over dette skipet. Eg hadde forventa meg nokre startproblem sidan vi er om bord i eit heilt nytt fartøy, men alle system fungerer smertefritt. Vi har knappast hatt avbrot i arbeidet i det heile tatt, seier kaptein Jan Tangenes i Eidesvik Offshore.
– Vi held oppe ein servicefart på 16 knop i ganske stygt vêr, og har ingen problem med å gjere det. Komforten for mannskapet om bord er veldig bra. Det er første gong eg er på eit X-BOW-fartøy, og eg er veldig fornøgd. Skipet har levert over mine forventningar så langt, legg Tangenes til.

Smart utforming
‘Seven Viking’ har stor kapasitet til å frakte både mannskap og ein mengde subseautstyr takka vere ei smart utforming som gir maksimalt skrogvolum og der utstyret er integrert i ein stor hangar. Fartøyet sin kapasitet til å frakte alt naudsynt vedlikehaldsutstyr, gjer at det kan operere kontinuerleg, med minimal nedetid. Sikkerheit, effektivitet og miljøomsyn har vore i fokus under utviklinga av fartøyet, som har notasjonen Clean Design.

Eit skreddarsydd modulhandteringssystem (MHS) er integrert i skipet sin hangar for sikker utsetjing og opphenting av undervassmodular med ei vekt på opptil 70 tonn gjennom moon pool-en. For å optimalisere samarbeid og kommunikasjon, er alt operasjonsmannskap samla i eitt område vegg i vegg med hangaren, og store vindauge i kontrollromet gir full oversikt over dette arbeidsarealet.

ULSTEIN_SX148_Seven_Viking_PES0384_red_media_CR_PerEide_UlsteinGroup

Foto: Ulstein Group

Komfortabelt
‘Seven Viking’ er utvikla med tanke på å møte dei strengaste krava til arbeidsmiljø, og har komfortklassen COMF-V (3). Gjennom å bruke elektriske vinsjar til mellom anna ROV-ar (undervassrobotar), MHS og hjelpeutstyr, har ein oppnådd eit lavast mogleg støynivå i hangaren. I tillegg har fartøyet ein separat boligdel plassert i avstand frå arbeidsområda om bord for å sikre at mannskapet kan kvile mest mogleg uforstyrra.
Miljøtiltak omfattar blant anna dieselelektrisk framdrift, som reduserer utslepp til atmosfæren, og elektriske vinsjar som gir nullutslepp av hydraulikkolje.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.