Beta-tjeneste
Kl. 18:07 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

‘Seven Viking’ nominert til ‘Ship of the Year 2013’

Av | 3 april, 2013 3:26 | 0 kommentarer
Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

IMR-fartøyet ‘Seven Viking’ har blitt nominert til ‘Ship of the Year 2013’ av det maritime magasinet Skipsrevyen. ‘Seven Viking’ har arbeidd for Statoil i Nordsjøen sidan februar i år, og utfører mange ulike oppgåver, mellom anna inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar (IMR) av undersjøiske oljeinstallasjonar, i tillegg til avskalingsbehandling og RFO-operasjonar. Skipet er designa og bygd av ULSTEIN og er eigd av Eidesvik Offshore og Subsea 7.

– ‘Seven Viking’ er eit fantastisk kvalitetsprodukt, eit skip som er skreddarsydd for IMR-operasjonar og med makelaus teknisk og operasjonell kapasitet innan sitt område. Det fungerer svært tilfredsstillande, og klienten vår er kjempefornøgd med skipet og utstyret som er installert om bord. Skipet er blitt ein snakkis i oljemiljøet, hevdar offshoresjef Vidar Øvstedal i Subsea 7.

Optimalisert for ei rekkje oppgåver
Sjølv om storleiken er avgrensa, så har skipet stor kapasitet til å frakte både mannskap og ei mengde subseautstyr takka vere ei smart utforming som gir maksimalt skrogvolum der utstyret er integrert i ein stor hangar.

– Skipet har ein optimalisert design for dei oppgåvene det skal utføre, seier Stuart Fitzgerald, Vice President Norway i Subsea 7. – Fartøyet har kapasitet til å frakte alt naudsynt vedlikehaldsutstyr, noko som gjer at det kan møte ei kvar utfordring og operere kontinuerleg, med minimal nedetid. I tillegg har fartøyet ein separat boligdel plassert i avstand frå arbeidsområda om bord for å sikre at mannskapet kan kvile mest mogleg uforstyrra.

Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

Overvelda
– Eg er overvelda. Eg hadde forventa meg nokre startproblem sidan vi er på eit heilt nytt fartøy, men alle system fungerer smertefritt. Vi har knappast hatt avbrot i arbeidet i det heile tatt, seier kaptein Jan Tangenes i Eidesvik Offshore.

Stabilitet
Fartøyet har X-BOW® skroglinjedesign, som gir mindre og mjukare rørsler i transitt og auka stabilitet i det ruskete veret som er typisk i Nordsjøen. Trass i den svært gode stabiliteten, som vanlegvis vert sett i samanheng med storleik, er denne SX148-designen frå ULSTEIN kompakt, med ei lengde på ‘berre’ 106,5 meter og ei breidde på 24,5 meter.

– Leverer over forventingane
– Dette er ein fantastisk båt. Vi held oppe ein servicefart på 16 knop i ganske stygt ver, og har ingen problem med å gjere det. Komforten for mannskapet om bord er veldig bra. Det er første gong eg er på eit X-BOW-fartøy, og eg er veldig fornøgd. Skipet leverer over mine forventingar så langt, seier Tangenes, og legg til: – Eg er verkeleg imponert over dette skipet.

Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.