Beta-tjeneste
Kl. 01:34 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

‘SEVEN BOREALIS’ DESIGNA AV ULSTEIN ER NOMINERT TIL ÅRETS SKIP

Av | 15 januar, 2013 10:27 | 0 kommentarer
Foto: Seven Borealis - Ulstein Sea of Solutions - Rinus Noordhoek

Flaggskipet til Subsea 7, ‘Seven Borealis,’ som er utvikla av ULSTEIN har vorte nominert til Årets Skip av Offshore Support Journal.

Ein kan stemme på dei nominerte skipa innan utgangen av 25. januar ved å følgje denne lenkja:
www.surveymonkey.com/s/13SVVOTE.

Seven Borealis måler 182,2 x 46,2 meter og har ei djupne på 16,1 meter. Skipet er eit rørleggings-/ tungløftsfartøy levert i 2012, og er designa av Ulstein Sea of Solutions for operasjonar over heile verda. Skipet kan arbeide på prosjekt i svært djupe farvatn i dei tøffaste miljøa i verda. I november 2012 vart det kjent at skipet går inn som ein del av den største SURF-kontrakten som nokon gong er tildelt på norsk sokkel for utvikling av gassfeltet Martin Linge, som ligg 180 km vest for Bergen.

Prisvinnaren vert kåra av rådet for den årlege Offshore Support Journal-konferansen og lesarane av Offshore Support Journal, og vinnaren blir annonsert på konferansen 19. februar i London.

Lenkje til flyfilm av ‘Seven Borealis’: http://www.youtube.com/watch?v=54Do3n0CM1A&feature=youtu.be

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.