Beta-tjeneste
Kl. 01:25 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Seatankers fekk sitt tredje ULSTEIN-skip

Av | 20 august, 2013 2:22 | 0 kommentarer
PX105-designen frå ULSTEIN, ‘Sea Forth’

Seatankers sitt tredje plattform forsyningsskip av PX105-designen frå ULSTEIN, ‘Sea Forth’, vart levert 16. august 2013 frå Zhejiang-verftet i Ningbo.

ULSTEIN leverer tolv design- og utstyrspakkar til det kinesiske verftet, der alle skipa til Seatankers skal byggast. Pakkane inkluderer design, engineering (detaljdesign) og utstyr. Skipa vil bli klassifiserte etter Clean eller Clean Design-standardane frå Det Norske Veritas (DNV).

Alle skipa har X-BOW®-skroglinjedesign. Denne typen fartøy har lite vibrasjonar om bord, noko som aukar komforten. Ein får heller ikkje noko fartstap av di der ikkje oppstår slag frå sjøen. Fartøya kan halde høg fart også under dårlege vêrforhold, noko som aukar det operasjonelle vindauget.

– I dette prosjektet har medarbeidarar frå ULSTEIN sine selskap i Noreg, Polen, Kroatia og Kina bidrege med design, engineering, oppstart av utstyr og ferdigstilling av byggeprosjektet, fortel prosjektleiar i Ulstein Design & Solutions, Johannes Røren.

‘Sea Forth’ er byggenummer ZJ2015. Skipet er 88,9 m langt og 19 m breitt, og har ei dødvekt på 4500 tonn og eit lastedekksareal på er om lag 1000 m2.

Skipet er utstyrt med dieselelektrisk framdriftssystem, og med Azipull 100-propellar kan skipet halde ei fart på 15,5 knop. ‘Sea Forth’ har ei omfattande elektro- og automasjonspakke frå Ulstein Power & Control, som leverer ei integrert totalløysing som omfattar elektrisk framdriftssystem, hovudtavler og distibusjonstavler, kommunikasjonssystemet ULSTEIN COM®, bruløysinga ULSTEIN BRIDGE™ og automasjonssystemet ULSTEIN IAS®.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.