Beta-tjeneste
Kl. 03:48 ~ 18. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

ULSTEIN med fleire designkontraktar på PX121

Av | 13 august, 2013 12:53 | 0 kommentarer

Skipsdesignen PX121 frå ULSTEIN har vorte attraktiv i marknaden. Det kinesiske ROC-verftet skal bygge to slike plattform forsyningsfartøy for ITG Group, med opsjon på to til.

ULSTEIN skal levere ein omfattande design- og utstyrspakke der ei rekkje norske leverandørar er med.I tillegg til konseptdesign, detaljert produksjonsunderlag og alt hovudutstyr skal ULSTEIN også levere tenester som byggeoppfølging på staden, rådgjevingstenester, støtte ved oppstart og testing av utstyr.

Med denne ordren er det i løpet av eitt år selt tolv slike design, seks for bygging ved Ulstein Verft, seks for bygging ved ulike verft i utlandet.

Globalt sal

– lokal verdiskaping ULSTEIN har ved fleire høve bygd skip ved eige verft og deretter selt same designen til andre verft, dette gir ein fordelaktig repetisjonseffekt. Den lokale verdiskapinga av desse kontraktane er betydeleg.- Det er kjekt å sjå at denne skipsdesignen har blitt populær også i den utanlandske marknaden. Desse kontraktane sysselset designarar, engineerings- og prosjektmiljø i ULSTEIN, men det skaper også mange arbeidsplassar for underleverandørane våre. Nærare halvparten av den totale verdiskapinga blir verande i Noreg, seier visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulstein Group.

tmp_Terje Aaker_Jan Terje Saunes RR_Ove Dimmen (10)-1925649247

Prosjektleiar Terje Aaker (venstre) og områdesalssjef Ove Dimmen (høgre) frå ULSTEIN på besøk hos ein av dei største underleverandørane på dette prosjektet, Rolls-Royce Marine Dept Propulsion i Ulsteinvik, her representert ved områdesalssjef Jan Terje Saunes.

Rolls-Royce Marine dept. Propulsion i Ulsteinvik er ein av dei største produktleverandørane til dette prosjektet.- Slike kontraktar er svært viktige for oss, fortel Jan Terje Saunes, som er områdesalssjef for Rolls-Royce Marine – Offshore Propulsion. – Til dette konkrete prosjektet leverer vi heile framdriftsanlegget, som i all hovudsak er produsert på Sunnmøre.

Kontrakten er ytterlegare ei stadfesting på at vi gjennom tett samarbeid i den maritime klynga er konkurransedyktige på verdsmarknaden.Skipa er 83,4 meter lange og 18 meter breie og tilfredsstiller DNV sine krav til Clean Design-notasjonen. Dei har ein lastekapasitet på om lag 4000 tonn og eit lastedekksareal på 840 kvadratmeter. Maksimumsfart er 14,5 knop. Denne versjonen av PX121-designen kan ha 30 personar om bord. Skipa vil bli førebudde for eit ROV-dekk og ei subseakran. Dei vil bli bygde i samsvar med IMO sin SPS-kode (Special Purpose Ships) for å kunne føre spesialisert personell, og vil ha OILREC-klassenotasjon for oljeoppsamling i naudsituasjonar. Fartøya er planlagde for den europeiske marknaden og kan arbeide over heile verda. Skipa er planlagt leverte i første halvdel av 2015.

tmp_PX121 ITG Sea PS Fore_red1350047459

Ulstein PX 121

 

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.