Beta-tjeneste
Kl. 01:31 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

‘Polar Onyx’ – klart for djupvassarbeid utanfor Brasil

Av | 4 mars, 2014 12:31 | 0 kommentarer
Polar Onyx. Foto: Marius Beck Dahle

Offshore konstruksjonsfartøyet ‘Polar Onyx’ vart levert 4. mars 2014 frå Ulstein Verft til GC Rieber Shipping, som det nyaste tilskotet til dei aukande investeringane deira i subsea-segmentet. Det første oppdraget for fartøyet vil vere å arbeide som eit rørleggings-støttefartøy for Petrobras sine djupvassprosjekt utanfor Brasil.

130 meter lange og 25 meter breie ‘Polar Onyx’ er basert på ULSTEIN sitt SX121-design, eit design som generelt er utvikla for å arbeide innanfor IMR-/SURF-konstruksjonsområdet, og med høg lastekapasitet for fleksible rør under dekk og på hovuddekk.

Irene W. Basili , administrerande direktør GC Rieber Shipping, seier at: – Det nye tilskotet til selskapet er eit fartøy med høg teknisk og operasjonell kapasitet, som vil styrke posisjonen vår i subseamarknaden. Fartøyet er designa for å stette dei aukande krava som vert stilt frå klientane våre innan dette segmentet når det gjeld operasjonell driftssikkerheit og fleksibilitet. Samarbeidet vårt med Ulstein Verft har vore utmerkt, noko som igjen har vore grunnleggande viktig i den oppfølginga vi har med vår klient.

Eigenskapar
‘Polar Onyx’ har plass til 130 personar, og er bygd i samsvar med dei siste internasjonale miljøstandardar. Fartøyet er sertifisert i samsvar med krava til spesialfartøy (Special Purpose Ships/SPS) og miljø (Clean Design og Green Passport). ‘Polar Onyx’ har eit stort konstruksjons-/ dekksareal på 1700 kvadratmeter. Fartøyet er utstyrt med ei aktivt hiv-kompensert (AHC) offshorekran som kan løfte 250 tonn ved 14 meters utstrekk, og ei 12-tonns AHC-offshorekran. Skipet har også to arbeids-ROV-ar (fjernstyrte miniubåtar), éin som blir sett ut gjennom ein moonpool, den andre over styrbord side.

Innovasjon
Fartøyet er DNV-klassifisert, og tilfredsstiller dei høgaste standardar for operasjonell driftssikkerheit (redundans) og dynamisk posisjonering (DP3). ‘Operation+’-funksjonen gjer at fartøyet i ein DP2-situasjon (eit tilfelle av svikt i eit system) vil behalde systemintegriteten og kan fullføre den oppgåva det held på med.
‘Polar Onyx’ vert drive av eit dieselelektrisk anlegg som er samansett av seks identiske 2740 ekW-generatorsett. Skipet kan halde stø kurs også under rørleggingsarbeid som følgje av at det har tre thrusterar (propellar) framme og tre azimuth-hovudpropellar akter.

Kvalitet og ekspertise
– I ULSTEIN har vi brei kompetanse innan områda skipsdesign, engineering (detaljdesign), systemløysingar, skipsbygging og skipsinvesteringar, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group. – Vi spesialiserer oss på avanserte kvalitetsfartøy for krevjande operasjonar over heile verda. Vi har hatt eit svært godt samarbeid med GC Rieber Shipping i utviklings- og byggjeprosessen, og vi ønskjer reiaren og brukarane lykke til med ‘Polar Onyx’, seier ho.

Meirverdi
Ceona har chartra fartøyet for ei fast periode på fem år, med opsjonar på inn til fem nye år. Etter levering vil Ceona få installert meir utstyr på dekk før ‘Polar Onyx’ tek til i arbeid frå mai 2014.

Link til «Fakta-PDF«.

Alle bilder, Polar Onyx. Foto: Marius Beck Dahle

_BD_9870-Edit_CR ULSTEIN_Marius Beck Dahle

_BD_9797-Edit_1_CR ULSTEIN_Marius Beck Dahle

_BD_9783-Edit_1_CR ULSTEIN_Marius Beck Dahle

_BD_1938_2_CR ULSTEIN_Marius Beck Dahle_red

_BD_1885_CR ULSTEIN_Marius Beck Dahle_red

_BD_1867_CR ULSTEIN_Marius Beck Dahle_red

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.