Beta-tjeneste
Kl. 18:17 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Pacific Radiance går for ULSTEIN sine PSV-design

Av | 11 september, 2013 5:18 | 0 kommentarer

Pacific Radiance Group, heimehøyrande i Singapore, har tinga to plattform forsyningsfartøy av ULSTEIN sin PX121-design for bygging ved eit kinesisk verft. ULSTEIN skal levere ein omfattande design- og utstyrspakke. Kontrakten inkluderer òg opsjon for ytterlegare to fartøy.

Pacific Radiance Group opererer meir enn 120 fartøy, og vil få dei to nye skipa i andre og tredje kvartal 2015.

– Etter å ha vurdert fleire ulike design kom vi fram til at PX121 er den designen som er best tilpassa målgruppene våre, fortel James Pang i Pacific Radiance. Han held fram:

– Teamet vårt arbeider for at skipa i flåten vår skal endå meir vere miljøvenlege og drivstoffeffektive, og at fartøya tilfredsstiller alle nyare krav. I tillegg er det eit stadig viktigare krav frå klientane våre at komforten er høg og at skipet kan driftast også ved tøffe vêrforhold og i sterk straum. Denne designen tilfredsstiller dei fleste av kundane våre sine operasjonelle forventingar, både når det gjeld dekksareal, kapasitet, fart, evne til å halde posisjon og drivstoffeffektivitet. Vi trur at ein har greidd å oppnå dette ved hjelp av den unike X-BOW-skrogdesignen og slanke skroglinjer, noko som gir betra transittfart og effektivitet. Dette gjer at vi og kunden sparar både tid og kostnader.

PX121 Pacific Radiance InAir PS Fore Low

ULSTEIN PX121-design

Kontrakten med ULSTEIN omfattar konseptdesign, detaljdesign og ei omfattande utstyrspakke. Denne leveransen, der ei rekkje norske leverandørar er med, utgjer nær halvparten av den totale skipsverdien.

Det første fartøyet med PX121-design gjekk ut i arbeid i 2012. Denne designen har raskt blitt populær internasjonalt, då chartrerar og reiarar har oppdaga at desse fartøya imøtekjem dei typiske krava til eit plattform forsyningsfartøy samtidig som det er drivstoffeffektivt og har ein konkurransedyktig kombinasjon av fart og laste- og lossekapasitet.

Dei første fartøya av denne typen arbeider i Nordsjøen, og tilbakemelding frå mannskapa går ut på at skipa er framifrå. Skipa fører til auka regularitet i forsyningsoppdrag i høve til samanliknbare fartøy som følgje av at dei evnar å halde posisjon og høg transittfart også i dårleg vêr. Mannskapa er imponerte av korleis X-BOW-designen verkar, og fortel at dei ikkje hadde trudd det viss ikkje dei sjølve hadde prøvd det. Éi av tilbakemeldingane frå mannskapa er som følgjer: – Inga slingring, ingen sjøsprøyt, berre moro.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.