Beta-tjeneste
Kl. 18:08 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Ny PSV frå ULSTEIN blir støttefartøy til nordsjøbrønnar

Av | 21 juni, 2013 5:11 | 0 kommentarer
Foto: ULSTEIN PX121 - "Blue Guardian" - Ulstein Group

Byggnummer 298 frå ULSTEIN, ‘Blue Guardian’, eit plattform forsyningsfartøy av ULSTEIN PX121-designen, har fått kontrakt på å vere støttefartøy til jack-up-riggen Mærsk Giant, som skal jobbe på to ulike brønnar på norsk sokkel i Nordsjøen. Kontraktane er inngått med høvesvis Det Norske Oljeselskap ASA og Repsol Exploration, og har ei estimert totallengd på fire månader.

‘Blue Guardian’ er snart ferdigstilt, med ei planlagt levering frå Ulstein Verft i slutten av månaden. Estimert oppstart på kontraktsarbeidet er sett til midten av juli. Skipet er eigd av Blue Ship Invest, og vil bli drifta av Remøy Shipping.

PX121-designen har synt seg å vere svært ettertrakta i marknaden, og samtlege av dei fire tidlegare leverte skipa for Blue Ship Invest har gått inn på faste kontraktar.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.