Beta-tjeneste
Kl. 01:32 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Ny leiar ved Ulstein Verft

Av | 9 mars, 2013 4:24 | 0 kommentarer
Kristian Sætre er tilsett som administrerande direktør i Ulstein Verft. Foto: Ulstein Verft

Kristian Sætre er tilsett som administrerande direktør i Ulstein Verft. Han tek til i stillinga innan 1. juni.

Kristian Sætre har solid bakgrunn og lang erfaring. Han har over 30 års fartstid i maritim industri og har vore i Scana systemet i over 20 år. Sist som administrerande direktør for Scana Propulsion AS. Han har også hatt ei rekkje styreverv i Scana konsernet. Han er utdanna sivilingeniør frå NTNU i Trondheim. Sætre er busett i Volda.

– Vi er glade for at vi har fått med oss Kristian Sætre. Han har brei industriell og teknisk bakgrunn samt lang erfaring frå ulike fagfelt innan maritim næring. Han vil inngå i konsernleiinga i ULSTEIN. Vi gleder oss til samarbeidet, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

– Ulstein Verft er ei spanande bedrift med stort potensial. Eg ser fram til å starte i jobben og få vere med i dette teamet, seier Kristian Sætre.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.