Beta-tjeneste
Kl. 03:30 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Lengre, djupare og kaldare med SX121

Av | 6 juni, 2013 12:59 | 0 kommentarer
GC Rieber Shipping aukar flåten med eit subsea-fartøy av designen SX121 i 2014.

Teknologiske framsteg gjer at offshore olje- og gassindustrien flyttar seg til djupare og kaldare farvatn lengre frå land. ULSTEIN støttar denne utviklingar gjennom å tilby produkt og løysingar som bidreg til tryggare, smartare og grønare operasjonar. Eit eksempel er den allsidige og fleksible offshore-konstruksjons-/subsea-fartøy-designen SX121, som ULSTEIN for tida bygg skreddarsydde versjonar av for GC Rieber Shipping og Island Offshore. Designen kan tilpassast ein mengde offshore-konstruksjons- og subsea-operasjonar i djupe og ultra-djupe havområde både sør og nord for Polarsirkelen.

Prosjekt i djupe og ultra-djupe havområder skjer utanfor kontinentalsokkelen på djupner på høvesvis mellom 400 og 1,500 og over 1,500 meter. Store havdjupner betyr fjerntliggande område, tøffe vêrforhold og sårbare økosystem. Slike miljø krev fartøy som er pålitelege, trygge, kostnadseffektive og miljøvennlege.
Vi tek mål av oss til å utvikle skip som kan operere trygt, påliteleg og effektivt under tøffe forhold med eit så lite miljøavtrykk som mogleg. SX121 sin robuste konfigurasjon, systemintegrasjon og skroglinja X-BOW® sikrar komfort og tryggleik for mannskapet, aukar det operasjonelle vindauget og reduserer påverknaden på miljøet merkbart, seier salssjef i Ulstein Design & Solutions, Lars Ståle Skoge.

Per i dag er der fire SX121-fartøy designa og bygde av ULSTEIN i drift. Dei operative fartøya arbeidar innan ulike segment som offshore-konstruksjon, brønnintervensjon og inspeksjon/vedlikehald/reparasjon. Tilbakemeldingane på fartøya har vore svært gode. Gordon L. Wilkinson i Veolia ES sa følgjande om ‘Viking Poseidon’ sitt arbeid i Mexicogolfen: “Ho er dronninga av Mexicogolfen.”

SX121 Island Performer GraySea PS Fore Low_Media_CR_ULSTEIN

Island Offshore har igjen vald designen SX121. Fartøyet er spesialtilpassa etter reiarlaget sine spesifikasjonar og tilpassa RLWI, IMR og SURF operasjonar.

Mot slutten av 2012 tinga Island Offshore, saman med sin amerikanske partnar Edison Chouest Offshore, endå eit SX121-fartøy frå ULSTEIN, som no er under bygging ved Ulstein Verft. – Vi har fått særs positive tilbakemeldingar på dei to fartøya av denne designen som er i drift, ‘Island Constructor’ og ‘Island Intervention’, seier teknisk sjef i Island Offshore, Trond Hauge. – Eg er viss på at denne type skip er ei trygg og komfortabel plattform å drive avansert arbeid på i åra som kjem.

Optimalisert for tyngre installasjonar
– SX121 er eit kompakt fartøy som kan utføre operasjonar i djupe og ultra-djupe farvatn der ein i dag brukar større fartøy, noko som gir kunden ei meir kostnadseffektiv løysing, seier Håvard Stave, salssjef i Ulstein Verft.

– Eit typisk SX121-fartøy kan operere på djupner ned til 3,000 meter, noko som omfattar det mest av dagens olje- og gassaktivitet til havs. Behovet for å setje ut tyngre utstyr på store havdjupner som utanfor Brasil og Afrika og i Mexicogolfen har auka interessa for offshore-konstruksjonsfartøy med 400-tonns kran, noko som vi no har inkludert i SX121-designen.

ULSTEIN har dratt veksel på erfaringane frå dei siste SX121-prosjekta, og har optimalisert skroget i forhold til arbeid frå dekk så vel som konstruksjonsarbeid med kran, med eit meir allsidig offshore-konstruksjons-/subsea-fartøy som resultat.

Den robuste plattforma er optimalisert for effektive operasjonar i djupe farvatn med ein krankapasitet på inntil 400 tonn og ein vesentleg overskytande dekkslastkapasitet, og den kan konfigurerast for utstyr for mange ulike oppdragstypar. Der er eit dekksareal på 1,750 m2 og området rundt hovud-moon pool-en er forsterka for å kunne tåle eit rørleggingssystem (VLS) eller eit modulhandteringssystem. ROV-installasjonen om bord er designa og valt for operasjonar i bølgjer på 4,5 meter eller meir. To arbeids-ROV-ar er monterte i eit lukka hangarområde, der den ein kan setjast ut over styrbord side og den andre gjennom ein dedikert moon pool.

Auka redundans
Eit påliteleg fartøy er avgjerande for kostnadseffektive operasjonar, sidan nedetid og operasjonsavbrot er dyrt, særleg når ein er langt til havs. Fartøy av designen SX121 oppfyller krava til den høgaste klassa for dynamisk posisjonering, DYNPOS-AUTRO, med redundans på alle sentrale komponentar. Med ‘Operation+-konseptet’, ein høgna redundans under AUTR-operasjonar dersom ein større enkeltfeil oppstår, vil skipa framleis oppretthalde systemredundans i dei mest kritiske områda. Skipa er vanlegvis utstyrt med dieselelektrisk framdrift og seks identiske generatorsett. Brusystem, propellar og dieselmotorar kan settast saman i grupper på to, tre eller fire. Dersom det oppstår ein større enkeltfeil, vil fartøya berre miste ein tredjedel av kraft og framdrift. Kombinasjonen av systemarkitektur, kraftstasjonar, tre side-thrusterar og tre hovud-thrusterar, sikar at ein operasjon kan fullførast på ein trygg måte med to tredjedels kapasitet.

Smart og sikkert
For å optimalisere kapasitetane og ytinga, er fribordet auka med ein meter samanlikna med tidlegare fartøy av denne designen. Dette aukar også tryggleiken om bord og sørgjer for eit tørt arbeidsdekk. I tillegg er helikopterdekk flytta lenger bak enn tidlegare for å auke vêrvindauget for helikopterlandingar. Skroglinja X-BOW gir fartøyet mjuke rørsler som aukar tryggleiken, samtidig som den reduserer fartøyet sitt miljøavtrykk gjennom redusert drivstoff-forbruk og reduserte utslepp. Det optimaliserte kraftanlegget om bord gjer at fartøyet har maksimal drivstoffeffektivitet i alle operasjonsmodusar. Fartøyet er innreidd for eit mannskap på 130 personar og oppfyller alle internasjonale krav til komfort og tryggleik.

SX121 fakta:
Breidde: 25 m
Lengde: 130 m (typisk)
Djupgang: 8 m
Dødvekt: inntil 10,000 t

SX121 ULSTEIN Mk2 InAir SB Fore_CR_ULSTEIN

Den allsidige og fleksible designen SX121 utstyrt med 400-tonns aktiv hivkompensert kran og helikopterdekk plassert lenger bak.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.