Beta-tjeneste
Kl. 05:40 ~ 25. jun 2019 ~ UKE 26
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Konstruksjonsarbeidet på Acta Marine sitt offshorevindskip er i gong på Ulstein Verft

Av | 16 november, 2017 2:52 | 0 kommentarer

Skroget til Acta Marine sitt nybygg, Acta Auriga, har kome fram til Ulstein Verft. Skipet er av ULSTEIN SX195-design, og skipstypen er eit konstruksjonsstøttefartøy til bruk i offshorevindindustrien. I løpet av dei komande månadene skal skipet bli utrusta og innreidd, testa og prøvekøyrd.

Fartøyet skal no ferdigstillast og SMST sitt oppdragsutstyr, rørslekompensert gangbru og 3D-kran, vil bli montert på skipet.

Etter at skipet er levert, ved utgangen av første kvartal 2018, skal ACTA AURIGA slå følgje med ACTA ORION, som er det andre fartøyet i Acta sin flåten dedikert til walk-to-work, offshorelogistikktenester og innkvartering innan offshore fornybar og offshore energibransjen.

Kjenneteikn ved Acta Auriga:

  • Sikker og trinnlaus person- og lastoverføring med rørslekompensert gangveg opp til Hs 3,0 meter
  • 3D-rørslekompensert knekkbomkran for 6 tonns lasthandtering i sjøforhold opptil Hs 2,5 meter
  • Optimal skrogform med ULSTEIN X-BOW® og ULSTEIN X-STERN® for arbeid ved ugunstige værforhold
  • Toppmoderne hotellfasilitetar for inntil 120 personar
  • 1 000 m2 dekkplass for lastlagring

Acta Marine (www.actamarine.com) har ein allsidig flåte på over 40 fartøy. Det familieeigde selskapet starta opp i 1970 og opererer globalt i eit breitt spekter av maritime område.

Ulstein Group (www.ulstein.com) er eit familiedrive selskap etablert i 1917, og er spesialisert på skipdesign, skipsbygging, system og tenester for den maritime marknaden. Selskapet har hovudkontor i Ulsteinvik. Ulstein Verft har levert meir enn 300 fartøy, og Ulstein Design & Solutions meir enn 100 design for fartøy med skrogforma X-BOW.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside © 2018, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.