Beta-tjeneste
Kl. 18:05 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Kleven skal bygge PSV eigna for arktiske område for Rem Offshore

Av | 23 januar, 2014 2:22 | 0 kommentarer
VS 485 MK III ARCTIC

Kleven har inngått kontrakt med Rem Offshore om bygging av eit plattform forsyningsskip spesialbygd for operasjon i arktiske strøk.  

Fartøyet er av typen VS 485 MK III ARCTIC. Kleven har levert fleire fartøy av liknande design, men dette nye Rem-fartøyet vil få klassenotasjonen Winterized Basic. Det betyr mellom anna at fartøyet får funksjonar for hindring av isdanning og avising, og at skrog og propellar får klasse ICE-1B.

– Vi set svært stor pris på det gode samarbeidet vi har med Rem Offshore, og at dei igjen vel å kome til Kleven for å få eit nytt fartøy, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Når dette fartøyet vert levert frå Kleven Verft våren 2015, vert det fartøy nr 18 frå Kleven til Rem sidan 2006. Det er ei eineståande historie, seier Rasmussen. Våre organisasjonar kjenner kvarandre svært godt, og det sikrar god gjennomføring av prosjekta.

– Vi er glade for å kunne nytte lokale verft og leverandørar, og har alt god erfaring med dette designet, seier reiar Åge Remøy.

VS 485 MKIII Arctic er designa av Wärtsilä Ship Design, og inneheld mykje lokale leveransar og utstyr, mellom anna frå Hareid Group og Brunvoll.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.