Beta-tjeneste
Kl. 05:26 ~ 25. jun 2019 ~ UKE 26
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Kleven med intensjonsavtale om bygging av 176 m langt spesialfartøy

Av | 20 november, 2017 11:46 | 0 kommentarer

Kleven har inngått intensjonsavtale med det namibiske offshore diamant-utvinningsselskapet De Beers Marine Namibia om bygging av eit spesialfartøy for operasjonar på havbotnen. Det 176 meter lange fartøyet er av typen MT 6027 frå Marin Teknikk, og vil bli det lengste fartøyet som er bygd på Kleven Verft.

– Vi er svært glade for at vi no har signert denne intensjonsavtalen med De Beers Marine Namibia. Vi har arbeidd saman med reiarlaget og Marin Teknikk i lang tid om dette prosjektet, og alle partar har ein klar intensjon om at dette skal bli ein fast skipsbyggingskontrakt i løpet av første halvår 2018, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Det 176 meter lange fartøyet er av typen MT 6027 frå Marin Teknikk, og vil bli det lengste fartøyet som er bygd på Kleven Verft.

I juni 2016 leverte Kleven Verft nybygget SS Nujoma til De Beers Marine Namibia. Dette fartøyet er eit stort og avansert fartøy for prøvetaking av diamantar på havbotnen. De Beers er verdas største diamantselskap med meir enn 125 års erfaring.

– SS Nujoma har vore ein stor suksess for oss frå dag éin, med suveren kvalitet på prøvene og eit drivstoff-forbruk som er 30% mindre enn forventa. Vi er svært nøgde med fartøyet, og det gode samarbeidet vi har med Kleven og Marin Teknikk. Dette nye fartøyet vi no utviklar er eit naturleg neste steg, seier Mike Curtis, prosjektsjef i De Beers Marine Namibia.

Sist veke offentleggjorde Kleven at selskapet skal bygge eit over 100 meter langt luksusfartøy i samarbeid med det verdsleiande yachtselskapet Lürssen og designselskapet Salt Ship Design.

– Eg er stolt og glad for at det harde arbeidet dei tilsette i Kleven har lagt ned over lang tid og i ein utfordrande marknadssituasjon no resulterer i kontrakt og intensjonsavtale, seier Ståle Rasmussen.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside © 2018, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.