Beta-tjeneste
Kl. 18:04 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Klar for Nordsjøen

Av | 29 juni, 2013 5:04 | 0 kommentarer
Foto: Ulstein Group/Don Johansson

Plattform forsyningsfartøyet ‘Blue Guardian’ vart levert frå ULSTEIN til Blue Ship Invest 28. juni 2013. Skipet skal arbeide i Nordsjøen.

‘Blue Guardian’ er det femte i ein serie på seks plattform forsyningsfartøy (PSV) av designtypen PX121 frå Ulstein Verft, og skipet vert drifta av Remøy Shipping. Frå midten av juli skal skipet arbeide som støttefartøy til jack-up-riggen Maersk Giant, som skal jobbe for høvesvis Det Norske Oljeselskap ASA og Repsol Exploration på to ulike brønnar på norsk sektor i Nordsjøen.

Chief og kaptein_IMG_8188

Chief Jens-Kristian Rusten og kaptein Trygve Valø ser fram til å mønstre på det nye plattform forsyningsfartøyet ‘Blue Guardian’ . (Foto: Ulstein Group)

Skipper Trygve Valø og chief Jens-Kristian Rusten har vore inspektørar for Remøy Shipping dei siste to månadene. Begge har jobba på det første av dei seks skipa, ‘Blue Fighter’:
– Det blir spennande å sjå korleis skipet fungerer. Vi forventar at det blir minst like bra som ‘Blue Fighter’, som vi er veldig nøgde med. Det er ein kjempebåt som er god i sjøen, komfortabel og med gode fasilitetar, fortel dei. Chiefen gler seg til å kome på sjøen att, to månader på land er meir enn nok, understrekar han: – No ser eg fram til dåpen 3. juli slik at vi kan kome i gong med sjølivet!

‘Blue Guardian’ er 83,4 meter langt og 18 meter breitt og kan gjere ei maksimumsfart på om lag 16 knop. Skipet har ein lastekapasitet på 4100 tonn (dwt), og dekksarealet er 850 kvadratmeter med ei dekkslast på 2200 tonn. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker, har skipet fire tankar for brannfarlege væsker. Fartøyet har lugarkapasitet for 23 personar. Det er utstyrt med dynamisk posisjoneringssystem IMO klasse II og oppfyller DNV sine krav til notasjonen Clean Design.

På dei nyaste skipa i Blue Ship-serien er det gjort endringar for å tilpasse seg krav til arbeid på norsk sektor. Det gjer at skipa er endå kraftigare utstyrte for å halde posisjon i dårleg vêr ved rigg, og det er eksosrensing (NOx-reduksjon) på avgassane. I tillegg har dei nyaste skipa lett isklasse, noko som er gjort med tanke på at dei skal kunne arbeide lenger mot nord.

I nordsjøsamanheng vert skipet rekna som ein mellomstor PSV. Skip av designtypen PX121 har ein optimal kombinasjon av drivstoffeffektivitet og dødvekt (lastekapasitet). Dei har kapasitet og yting som ligg nær segmentet for større PSV-ar, men til ein kostpris som gir god økonomisk vinst.

Skipet har X-BOW® skroglinjeform som gjer at det effektivt ved ulike djupgangar, noko som er viktig for PSV-fartøy som går med varierande mengder last. I tillegg har X-BOW unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøyet spesielt godt eigna til dei barske forholda i Nordsjøen og nord-Atlanteren.

Ulstein Power & Control har levert dei elektriske systema til skipet, blant anna kraftdistribusjon og elektrisk framdriftssystem, informasjons- og kommunikasjonssystem (ULSTEIN COM®), modulære brukonsollar, integrerte navigasjonssystem og integrert automasjonssystem (ULSTEIN IAS®).

Det første skipet i denne serien vart levert i 2012, og samtlege av dei fire tidlegare leverte skipa for Blue Ship Invest har gått inn på faste kontraktar.

Blue Guardian_DSCF0167_red

Foto: Ulstein Group/Don Johansson

Blue Guardian_DSCF0135_red

Foto: Ulstein Group/Don Johansson

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.