Beta-tjeneste
Kl. 08:23 ~ 16. des 2017 ~ UKE 50
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Island Offshore bygger på ULSTEIN

Av | 20 desember, 2012 3:48 | 0 kommentarer
Island Offshore utvidar flåten med nok eit multifunksjonelt offshore-fartøy av designen SX121 frå ULSTEIN.

Pressemelding, Ulsteinvik, 20. desember 2012

ULSTEIN har inngått kontrakt med Island Offshore og deira amerikanske partnar Edison Chouest Offshore på levering av eit multifunksjonelt offshore-fartøy basert på ULSTEIN sin design SX121, med opsjon på ytterlegare eitt fartøy. Skipet er førebudd og spesialisert for operasjonar innan Well Intervention- (brønnintervensjon), IMR- og SURF-segmenta, og stettar dei nyaste krava til både brønnintervensjon og offshore konstruksjonsoppgåver. Nybygget er planlagt for levering i mai 2014.

– Det er svært gledeleg at Island Offshore kjem tilbake og bestiller endå eit avansert offshorekonstruksjonsfartøy. Vi skal gjere vårt beste for å levere eit kvalitetsskip som reiarlaget kan nyte godt av i mange år framover, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.
– Vi ser fram til å få dette fartøyet inn i flåten vår. Samarbeidet på tidlegare byggeprosjekt har vore godt, og vi gleder oss til å jobbe saman med ULSTEIN for å bygge dette multifunksjonelle fartøyet, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

Skipet er basert på den velprøvde og solide SX121-designen som ULSTEIN har bygd fem av tidlegare. Fartøyet er spesialtilpassa til Island Offshore sine ynske og funksjonskrav, som er baserte på reiarlaget sine erfaringar frå den type operasjonar fartøyet skal utføre. Det 130 meter lange og 25 meter breie skipet får høgaste klasse for dynamisk posisjonering (DP3), og blir utstyrt for å kunne utføre oppdrag på installasjonar nede på 3000 meters havdjupne. I tillegg til å kunne riggast for brønnintervensjon, så er skipet førebudd for alternativt å kunne legge fleksible rør og kablar på havbotnen gjennom eit VLS-tårn (vertical lay system), og det har òg plass til ein roterande karusell under dekk som lastar 2500 tonn.

Ei stor hivkompensert (AHC) offshorekran med kapasitet på 250 tonn ved 14 meter arm vert sett om bord, og vinsjen til krana vert plassert under dekk. Der er også to djupvass arbeids-ROV-ar (undervassrobotar), den eine skal settast ut på styrbord side, og den andre gjennom ein eigen moon pool. Skipet har eit stort lastedekk for å kunne ha med seg utrusting for ulike oppdrag. Skipet skal ha dieselelektrisk framdrift med tre azimuth-hovudthrusterar, og kraftverket består av seks store generatorsett.

Skipet har lugarkapasitet for 130 personar og vert bygd etter dei siste internasjonale miljø- og sikkerheitskrava. Skipet tilfredsstiller også dei aller strengaste HMS-krava på norsk sokkel, og stettar krava i innretningsforskrifta for flytande olje- og gassinstallasjonar. Skipet vil gjennom dette også oppfylle ESD-krava (Emergency Shut-Down). I tilfelle evakuering kan kvar av dei to livbåtane på høvesvis babord og styrbord side romme heile mannskapet.
Island Offshore har frå før fire skip leverte frå ULSTEIN: Brønnstimuleringsfartøyet Island Patriot, subsea konstruksjonsfartøyet Island Pioneer, og subsea konstruksjons- og intervensjonsfartøya Island Constructor og Island Intervention. Dei to sistnemnde er også av designen SX121.

For meir informasjon:

Håvard Stave, salssjef Ulstein Verft, tlf 906 15 698, e-post haavard.stave@ulstein.com
Lene Trude Solheim, kommunikasjonssjef Ulstein Group, tlf 900 38 658, e-post lene.solheim@ulstein.com
www.ulstein.com
www.facebook.com/ulsteingroup

Ordforklaringar:

IMR: Inspection, Maintenance and Repair = Inspeksjon, vedlikehald og reparasjon.

SURF: Subsea, Umbilical, Riser and Flowline.

Moon pool: Ei opning i skroget som gir tilgang til sjøen. Gjennom opninga kan ein senke ned utstyr og verktøy til havbotnen.

AHC: Active heave compensated = Aktivt hivkompensert. Ved hjelp av hydraulikk reduserer hiv-kompensatorar effekten av vertikale skipsrørsler (som vert kalla hiv), slik at ein ikkje treng heilt roleg sjø for å utføre konstruksjonsarbeid.

ROV: Remotely operated vehicle, ein undervassrobot som kan observere og sende data, film, foto og ulike signal mellom fartøyet og ROV-piloten. Vidare kan ein ROV ha med spesialverktøy som kan utføre arbeid på havbotnen.

Thruster: Ein type propell som brukast til framdrift og/eller manøvrering.

**

Om Island Offshore:
Island Offshore vart etablert i 2004, og har ein moderne flåte på 22 avanserte offshore service fartøy samt 7 under bygging. Reiarlaget har hovudkontor i Ulsteinvik, med subseakontor i Stavanger og Aberdeen.

Om ULSTEIN:
Ulstein Group er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. Selskapet tilbyr designpakkar og – løysingar for offshore support og heavy offshore fartøy. Det familieeigde konsernet har hovudkontor i Ulsteinvik og om lag 800 medarbeidarar i sju land. Ulstein Group utviklar innovative løysingar i tett samarbeid med kundar verda over. Eitt døme er skroglinjeforma X-BOW®.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside © 2017, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.