Beta-tjeneste
Kl. 08:22 ~ 16. des 2017 ~ UKE 50
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Hyundai i Korea byggjer design frå ULSTEIN

Av | 12 februar, 2013 4:07 | 0 kommentarer
Bilde: Ulstein

Toisa Ltd har signert ein kontrakt med Hyundai Heavy Industries (HHI) om bygginga av eit fleirfunksjonelt offshore konstruksjonsfartøy designa av ULSTEIN.

DP3-fartøyet (DP3=dynamisk posisjonering høgaste klasse) er ein tilpassa versjon av Deepwater Enabler-designen frå ULSTEIN sitt designselskap i Nederland, Ulstein Sea of Solutions.

Skipet er utvikla for å kunne jobbe over heile verda, og er eigna til å gjennomføre mellom anna subsea-konstruksjon, offshore-konstruksjon og vedlikehaldsoperasjonar. Dette blir det største X-BOW®-fartøyet så langt. Skroglinjeforma X-BOW® bidreg til at skipet vert ei stødig plattform for konstruksjonsarbeidet.

– Det som gjer dette fartøyet unikt er at det er utvikla for å kunne takle framtidas krav, seier Bram Lambregts, som er sals- og marknadssjef i Ulstein Sea of Solutions. – Det gode og tette samarbeidet med Toisa og Hyundai har resultert i eit svært allsidig skip, understrekar han.

Fartøyet har høg kapasitet og er svært fleksibelt. Skipet er utstyrt med ei aktiv hivkompensert offshorekran med kapasitet til å løfte 900 tonn i 360 graders radius, og kan senke utstyr ned til 3500 meters djupne. Der er også ei 200-tonns knekkbomkran, som kan operere ned til 2000 meters djupne.  Skipet kan også bli utstyrt med eit 550-tonns tårn for fleksible rør plassert over hovudmoonpoolen, som måler 8,4 gongar 8,4 meter, og to rørkarusellar, kvar med 2500-tonns kapasitet, kan bli monterte under dekk. Frå ROV-hangaren kan ein sette ut to store ROV-ar (fjernstyrte miniubåtar) på kvar side, eller gjennom ein annan moonpool. Gjennom denne moonpoolen kan ein også sette ut ei dykkarklokke.

Skipet har dieselelektrisk framdrift med tre azimuth-thrusterar (sidepropellar) som står for hovudframdrifta. Maskineriet, kraft- og kontrollsystema er fysisk skilde i to delar for å kunne stette DP3-krava ved brann.

Skipet oppfyller krava til SPS- og MODU-kodane, noko som mellom anna gjer at skipet stettar krava til høgaste komfortklasse, COMF-V (3). Skipet vert innreidd for 250 personar, med store lugarar, kontor, arbeidsrom og avslappingsområde.

Dekkarealet på om lag 2900 m2 gir maksimalt ledig dekksområde for å kunne installere utstyr i høve til oppdrag, til dømes utstyr for rørlegging, eller heavy offshore-utstyr til installasjonsarbeid. Dekket er forsterka med opptil 50 t/m2 dekkstyrke.

Skipet er det første som vert bygd basert på ULSTEIN sin Deepwater Enabler-design. Denne designen er utvikla for å tillate reiarane å vere meir fleksible overfor skiftande marknadskrav, mellom anna ved at skipet vekselvis kan arbeide overfor subsea- og offshoremarknader.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside © 2017, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.