Beta-tjeneste
Kl. 06:09 ~ 25. jun 2019 ~ UKE 26
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Har selt 30 PX121-design

Av | 25 august, 2014 8:51 | 0 kommentarer

Som følgje av Ulstein si siste skipsdesignkontrakt for Wuchang Shipbuilding og Otto Offshore har ein no kome opp i 30 selde PX121-design for plattformforsyningsfartøy.

Dei første fartøya av dette designet tok til i arbeid i 2012. Fartøya er mellomstore plattformforsyningsskip (PSV-ar), og har fått gode tilbakemeldingar på grunn av ein gunstig kombinasjon av drivstoffeffektivitet og lastekapasitet. I følgje eitt av reiarlaga er «PX121-skipa ein del av den nye generasjonen PSV-ar. Spesielt i barske klima kan desse skipa tilby ein unik kombinasjon av serviceleveransar i verdsklasse, høg effektivitet og ein imponerande komfort for mannskapet.»

Dei første PX121-designa fartøya vart bygde ved Ulstein Verft.
– Vi har nærare 100 års erfaring frå skipsbygging, samtidig som Ulstein Group har eigarinteresser i og operasjonell kompetanse frå skipa som har vorte leverte frå Ulstein Verft, kommenterer Tore Ulstein, som er visekonsernsjef og leiar for Marknad og Innovasjon i Ulstein Group. Han held fram:
– Designa våre vert godt mottekne, noko som mellom anna kan forklarast ved at vi har vårt eige verft der prototypane, slik som PX121-skipa, vert bygde. Vi kan ta med oss kundane til Ulstein og vise fram ein komplett innovasjonssyklus på staden, heilt frå konseptteikningar til førsteklasses offshorefartøy. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle design og løysingar for framtida i tett dialog og samarbeid med reiarlag, leverandørar, klasseselskap og statlege mynde.

PX121 Pacific Radiance_red

PX121 Vroon_red

PX121_Blue Thunder_NAO_red (CR Per Eide Studio)

PX121 GoldenEnergy_red

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside © 2018, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.