Beta-tjeneste
Kl. 03:47 ~ 18. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

Erna Solberg døyper Rem Installer i Geirangerfjorden

Av | 19 juni, 2013 5:50 | 0 kommentarer
Foto: Rem Installer - Kleven Verft

Erna Solberg er gudmor når Rem Offshore sitt nyaste tilskot til flåten, Rem Installer, vert døypt i Geirangerfjorden førstkomande laurdag. Det 107 meter lange konstruksjonsskipet er bygd ved Kleven Verft i Ulsteinvik, og er fartøy nummer 17 som Rem har kontrahert hos Kleven. Herøy-reiarlaget er dermed det selskapet som har kontrahert flest fartøy hos Kleven.

Dei 170 gjestane går om bord i Rem Installer på Hareid, og innover fjordane mot Geiranger vil Ytre Suløens Jass-ensemble underhalde på dekk. Etter dåp og lunsj om bord, vert det festmiddag på Union Hotell i Geiranger. Søndag føremiddag er gjestane inviterte med på tur til fjellgarden Skageflå.

Fartøyet er designa av Marin Teknikk i Tjørvåg, og er av typen MT6022. Rem har kontrahert ytterlegare to fartøy av same typen, og desse skal leverast frå Kleven Verft i februar og mai 2014.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.