Beta-tjeneste
Kl. 01:27 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

COSCO skal bygge ULSTEIN-design

Av | 8 mars, 2013 12:16 | 0 kommentarer
Designillustrasjonar: Ulstein Group

ULSTEIN har inngått kontrakt på levering av design og kraftpakkar til to plattform forsyningsfartøy av typen PX121 for det nederlandske reiarlaget Vroon. Skipa skal byggast ved COSCO-verftet i Kina.

– Både reiarlaget og verftet er nye kundar for oss. Vi er svært takksame for kontrakten, og ser fram til samarbeidet, kommenterer administrerande direktør Sigurd Viseth i Ulstein Design & Solutions.

Skipa er planlagde for levering i første kvartal 2015. I kontrakten ligg det også inne ein opsjon på ytterlegare to skip.

PX121-designen frå ULSTEIN har blitt svært godt motteken i marknaden. Fartøya til Vroon blir nummer ni og ti av denne designtypen.

Onsdag denne veka leverte Ulstein Verft skip nummer tre av seks til Blue Ship Invest av denne typen. Reiarlaget Britoil har også tinga to slike design tidlegare.

PX121 Vroon GraySea PS Fore

Designillustrasjonar: Ulstein Group

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.