Beta-tjeneste
Kl. 01:21 ~ 19. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

ULSTEIN leverte sin fjerde PSV i PX121-serien

Av | 8 mai, 2013 3:05 | 0 kommentarer
Foto: Ulstein Group. Frå venstre: Kaptein Jan Gunnar Forland, administrerande direktør Ulstein Verft Kristian Sætre, gudmor Torild Bugge, administrerande direktør Blue Ship Invest Lars Lühr Olsen og prosjektleiar Per Svein Brekke.Ulstein Verft Per Svein Brekke.

Ulstein Verft leverte ‘Blue Thunder’, det fjerde av seks mellomstore plattformforsyningsfartøy av designen PX121 frå ULSTEIN® til Blue Ship Invest, måndag 13. mai 2013.

Blue Ship Invest, som er eit heileigd selskap i Ulstein Group, har inngått ein driftsavtale med Atlantic Offshore på plattform forsyningsfartøyet (PSV). ‘Blue Thunder’ skal inn på ein fire-månaders kontrakt med Statoil, med ytterlegare fire månadlege opsjonar.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar frå operatørane på dei tre systerskipa, og er svært nøgde med at også dette skipet går inn på fast kontrakt i Nordsjøen, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group og administrerande direktør i Ulstein Shipping. Ho legg til at dei to resterande fartøya også skal leverast i 2013, og alle seks skipa er til sals.

_PES5611-2 sm

Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

PX121-designa skip vert i nordsjøsamanheng rekna som mellomstore. Skip med denne designen har ein optimal kombinasjon av drivstoffeffektivitet og dødvekt (lastekapasitet). Dei har kapasitet og yting som ligg nær segmentet for større PSV-ar, men til ein kostpris som gir god økonomisk vinst.

Skipa er bygde med X-BOW® skroglinjeform som gjer at dei er effektive ved ulike djupgangar, noko som er viktig for PSV-fartøy som går med varierande mengder last. I tillegg har X-BOW unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøyet spesielt godt tilpassa forholda i Nordsjøen og Nord-Atlanteren.

_PES5773 sm

Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

‘Blue Thunder’ er 83,4 meter langt og 18 meter breitt og kan gjere ei maksimumsfart på om lag 16 knop. Skipet har ein lastekapasitet på 4100 tonn (dwt), og dekksarealet er 850 kvadratmeter med ei dekkslast på 2200 tonn. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker, har skipet fire tankar for brannfarlege væsker. ‘Blue Thunder’ har lugarkapasitet for 23 personar. Det er utstyrt med dynamisk posisjoneringssystem IMO klasse II og oppfyller DNV sine krav til notasjonen Clean Design.

Ulstein Power & Control har levert dei elektriske systema til skipet, blant anna kraftdistribusjon og elektrisk framdriftssystem, informasjons- og kommunikasjonssystem (ULSTEIN COM®), modulære brukonsollar, integrerte navigasjonssystem og integrert automasjonssystem (ULSTEIN IAS®)

_PES5701 sm

Foto: Ulstein Group/Per Eide Studio

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.