Beta-tjeneste
Kl. 03:42 ~ 18. okt 2017 ~ UKE 42
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

‘Blue Protector’ til jobb i Nordsjøen

Av | 23 september, 2013 4:54 | 0 kommentarer
Foto: Ulstein Group

Plattform forsyningsfartøyet ‘Blue Protector’ vart levert frå Ulstein Verft til Blue Ship Invest måndag 23. september. Skipet vert drifta av Atlantic Offshore, og går ut til arbeid i spotmarknaden i Nordsjøen.

‘Blue Protector’ er siste skip ut i ein serie på seks av designtypen PX121, og Atlantic Offshore har frå før ansvar for drifting av to skip i denne serien. På dei nyaste skipa som vart bygde ved Ulstein Verft er det gjort endringar for å tilpasse seg krav til arbeid på norsk sektor. Det gjer at dei nyaste skipa er utstyrte med større thrusterkapasitet for å halde posisjon i dårleg vêr ved rigg, og det er eksosrensing (NOx-reduksjon) på avgassane. Dei har også lett isklasse (ICE-C), slik at skipa kan arbeide lenger mot nord.

Blue Protector

Foto: Ulstein Group

Det første av desse seks plattform forsyningsskipa (PSV) frå Ulstein Verft vart levert i 2012. Blue Ship Invest, eit heileigd selskap i Ulstein Group, valde å investere i bygginga av ein serie nyutvikla mellomstore PSV-design for å få desse designa inn i marknaden. I følgje marknadsundersøkingar ville storleiken og kapasiteten på desse skipa vere attraktive for ulike oppdrag. Alle dei tidlegare leverte Blue Ship-skipa har gått inn på faste kontraktar i Nordsjøen, og interessa for denne designen har vore sterkt aukande hos ulike reiarar, noko som har ført til sal av design og utstyrspakkar til åtte skip for bygging ved ulike verft i sør-aust Asia og Kina. Skip av designtypen PX121 har ein optimal kombinasjon av drivstoffeffektivitet og dødvekt (lastekapasitet). Dei har kapasitet og yting som ligg nær segmentet for større PSV-ar, men til ein kostpris som gir god økonomisk vinst.

Blue Protector

Foto: Ulstein Group

Med X-BOW®-skroglinjeform er skipa effektive ved ulike djupgangar, noko som er viktig for PSV-fartøy som går med varierande mengder last. I tillegg har X-BOW unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøya spesielt godt eigna til dei barske forholda i Nordsjøen og nord-Atlanteren.

IMG_0329_Blue Protector_front

Foto: Ulstein Group

‘Blue Protector’ er 83,4 meter langt og 18 meter breitt og kan gjere ei maksimumsfart på om lag 16 knop. Skipet har ein lastekapasitet på 4100 tonn (dwt), og dekksarealet er 850 kvadratmeter med ei dekkslast på 2200 tonn. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker, har skipet fire tankar for brannfarlege væsker. Fartøyet har lugarkapasitet for 23 personar. Det er utstyrt med dynamisk posisjoneringssystem IMO klasse II og oppfyller DNV sine krav til notasjonen Clean Design.

Blue Protector

Foto: Ulstein Group

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside ©, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.