Beta-tjeneste
Kl. 18:21 ~ 18. nov 2017 ~ UKE 46
VG Nett
Dagbladet
Facebook
Gmail
Windowl Live Mail - Hotmail
YR
Finn.no
Wikipedia

100 offshoredesign frå ULSTEIN

Av | 3 november, 2013 10:49 | 0 kommentarer
Skipsdesign frå ULSTEIN femner om område som offshorekonstruksjon, IMR, seismikk, standby/rescue, plattformforsyning og ankerhandtering. (Illustrasjon: ULSTEIN)

Med den siste designkontrakten for to nye plattformforsyningsfartøy (PSV) for Vroon Offshore Services passerte ULSTEIN 100 selte offshoredesign. Milepælen har ein nådd etter 14 år med nye ULSTEIN, og 74 av kontraktane er inngått på skip med X-BOW®-designen som vart lansert i 2005.

Tala som skjuler seg bak dei 100 designa vitnar om allsidigheit og eit breitt samarbeid. Totalt har 25 ulike reiarlag kjøpt design frå ULSTEIN og skipa er bygde ved 16 ulike verft. Medan 38 skip er bygde ved Ulstein Verft, er 62 bygde ved andre verft.

UVE aerial photo_IMG_8134_crop

Ulstein Verft er spesialisert i å bygge offshorefartøy for avanserte maritime operasjonar. (Foto: ULSTEIN)

– Vi har selt 100 design sidan vi starta med nye ULSTEIN-design i 1999 og eg ynskjer å takke alle som har bidrege i løpet av desse åra. Dette er ein viktig milepæl som gir inspirasjon til å stå på for å utvikle konkurransedyktige, spennande design for framtida, kommenterer Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group.

Den nyaste kontrakten på design og utstyr til to PSV-skip av typen PX121 (skip nummer 100 og 101) vart inngått med verftet COSCO (Guangdong) i Kina som skal bygge dei for Vroon Offshore Services i Nederland. Skipa er tiltenkte å jobbe i europeiske farvatn og Vroon Offshore Service sin administrerande direktør, Jan-Piet Baars, kommenterer: – PX121-designen er av den nye generasjonen PSV-ar, og utmerker seg spesielt i krevjande miljø. Desse skipstypane kan skilte med ein eineståande kombinasjon av kapasitet, høg effektivitet og ein imponerande komfort for mannskapet om bord.

Kompetanse ved eige verft
– ULSTEIN har nær 100 års erfaring i å bygge skip. Ulstein Verft er kjende for å bygge avanserte spesialfartøy og prototypar. Med eit verft innan konsernet kan vi tilby utprøvde designvariantar, system og løysingar, noko som reduserer prosjektrisiko og er viktig for å vinne kontraktar internasjonalt. Dette er tilfelle med kontrakten for Vroon, der dei første seks skipa i designserien vart bygde ved eige verft, medan tilpassa versjonar er selde for bygging ved eksternt verft, seier Tore Ulstein.

– ULSTEIN investerer årleg over 100 millionar kroner i innovasjon og nyskaping. For å kunne halde fram med dette, er det viktig at vi lykkast med å skape verdiar både nasjonalt og internasjonalt, understrekar han.

Seven Viking_DSC08676-2_Christian Romberg_media

IMR-fartøyet ‘Seven Viking’ er eitt av dei mest avanserte skipa som har vorte levert frå eit norsk verft i 2013. (Foto: Christian Romberg)

Sal av design ute gir norske arbeidsplassar
– Sal av design og utstyrspakkar gir ringverknader i regionen, både når det gjeld design og utvikling, men ikkje minst for sal av utstyr og tenester. Eit prosjekt omfattar ofte svært store verdiar. Sidan vi starta med eigne design, har vi selt design- og utstyrspakkar internasjonalt for over 5 milliardar kroner. Av dette får vi ei regional og nasjonal verdiskaping (kontraktsverdi til norske leverandørar) på over 70 %. For byggeprosjekt ved Ulstein Verft er verdiskapinga for norske leverandørar om lag 90 %.

Sterk maritim klynge
Tore Ulstein trekkjer fram fortrinna med å vere ein del av den sterke maritime klynga i Noreg:
– Noreg har den nest største offshoreflåten i verda, og i den norske maritime klynga er det kort avstand mellom aktørane. Fagfolka, designarane og produktutviklarane i ULSTEIN samarbeider ofte tett med mellom andre reiarlag, leverandørar, klasseselskap og myndigheiter. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle og forbetre designa våre. Fokus på område som komfort, helse, miljø og sikkerheit gjer at vi stadig finn nye og forbetra løysingar. Skipa våre vert anerkjende som innovasjonsdrivande, og vi er svært glade for å ha vorte nominerte eller vorte tildelte ‘Årets Skip’-utmerkinga nesten kvart år etter at det første X-BOW®-skipet vart levert i 2006. I år fekk vi ‘Årets Skip’-utmerkinga for IMR-fartøyet ‘Seven Viking’, fortel Ulstein.

timeline_NO_red

Milepælar i designutviklinga i ULSTEIN sidan 1999

Utvikling av skipsdesign
ULSTEIN har hatt tradisjon for skipsdesign sidan første halvdel av 70-talet, og utvikla dei såkalla UT-designa som seinare vart selde ut av konsernet. Frå 1999 byrja ULSTEIN å utvikle dei nye ULSTEIN-designa, og i januar 2002 vart det første skipet, det multifunksjonelle ankerhandteringsfartøyet ‘Olympic Hercules’, levert. I 2005 revolusjonerte selskapet dei tradisjonelle skipsdesigna ved å lansere skroglinjedesignen X-BOW, der ankerhandteringsskipet ‘Bourbon Orca’ vart først ut i 2006. Tal frå tanktestar viser at denne skrogforma kan redusere kraftforbruket med 7- 8 prosent samanlikna med eit skip med konvensjonelt skrog. X-BOW-linjene reduserer rørsler og eliminerer slag frå sjøen, og gir dermed ei roligare arbeidsplattform, utvida operasjonsvindauge og betra sikkerheit og komfort om bord.

Heavy offshore
Dei 100 offshoredesigna er utvikla ved ULSTEIN sitt designselskap i Ulsteinvik med hovudvekt på spesialfartøy innan seismikk, offshore konstruksjon, inspeksjon/vedlikehald/reparasjon (IMR) og standby/rescue, i tillegg til plattform forsyningsskip og ankerhandteringsskip. I tillegg har ULSTEIN sitt designselskap i Nederland utvikla nærare 20 skip for tyngre offshoreoperasjonar, blant desse ‘Seven Borealis’, som vart nominert til Årets Skip 2012 av Offshore Support Journal.

annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

For annonsering og pris, kontakt tomrichard@maritimstartside.no. Maritim Startside er ikke ansvarlig for innhold i eksterne linker. Maritim Startside © 2017, org nr: 818112602 reg. i Brønnøysundregistrene.